SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Åkre bedehus

Åkre bedehus sto ferdig i 1889 og vart bygd i kjølevatnet av dei religiøse vekkingane på 1880-talet. Bedehuset var eit viktig forsamlingshus.

 

Her har vore basarar, møter, skule og turnforeining. Huset vart delvis øydelagd i ein storm i 1899 og bygd opp att i noko mindre størrelse. I 1948 vart det vedteke å kle alle tak med eternitt over den opprinnelege kledninga. Tømmerveggane inne vart også kledt igjen med plater. Tidleg på 1960-talet fekk huset tilbygg med kjøkken og toalett.

Initiativ
Det var hausten 2013 at initiativtakar til prosjektet, Aud Farstad, vende seg til museet for å finne ut om det let seg gjere å flytte bedehuset til Borgundgavlen. Bedehuset hadde då vore ute av bruk ei tid, etter å ha vore nytta som forsamlingslokale for folk på Haramsøya i meir enn hundre år.

Flytting
Bedehuset vart flytta til Sunnmøre Museum i 2016 og satt opp med utvendig panel, vindauge og inngangsdør slik det var originalt. Tømmerveggane innvendig er også henta fram. Museet har valt å plassere bedehuset på det same området som Norddalskulen og Ytterlandstova. Plasseringa er gjort ut i frå eit ønskje om å syne fram det mangfald av møteplassar som fanst her i regionen i tida kring førre hundreårsskifte, og det mangfald av aktivitetar som var knytt til desse møteplassane.

Formidling
På same viset som Norddalskulen og Ytterlandstova, kjem også bedehuset framleis til å bli mykje brukt: til møte og til foredrag, til omvisingar og til undervising. På det viset vil bedehuset frå Åkre, i sitt nye tilvære her i Borgundgavlen, vere med på å føye fleire bitar til forteljinga om Sunnmørssamfunnet, slik det ein gong var.