SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Tur med vikingskipet Borgundknarren

Bli med vikingskipet Borgundknarren på tur i sommar! Ta med familie og vener og opplev Ålesund frå sjøsida - og få samstundes litt historiepåfyll!

 

BILLETTAR. Velg dato og klokkeslett.

 

Med stødig hand tek skipper Helge og hans mannskap oss med på timesturar med vikingskipet Borgundknarren. Undervegs får du høyre den spennande forteljinga om Olav den Heilage og hans menn, som var på flukt og la seg i skjul her i Ålesund. Du får vite meir om høvdingsetet Borgund og stormennene frå Giske. Om korleis vikingane nytta «solsteinen»  – og, kva er eigentleg ein solstein? Eller, kvifor ligg dragehovudet i båten, og ikkje er festa til stamna, slik vi vanlegvis ser på eit vikingskip?

Mat på vikingtokt
Mat var sjølvsagt viktig – før som no. Men kva åt dei, desse vikingane, når dei var langt til havs, på vikingtokt? Vi har med både historia og smaksprøver. 

«Selfie» tid!
Hjelm, skjold og sverd høyrer sjølvsagt vikingtida til. Vi har replika ombord til å prøve for den som vil det – også eit utmerka motiv for ein «selfie» eller to :)

 

OPPMØTE
Borgundknarren har avgang frå brygga på sørsida i Ålesund, ved Rutebilstasjonen – der også cruisebåtane ligg til kai. Du kan velge mellom tre avgangar pr. valgt dato; kl. 10.30, kl. 12.00 og kl. 14.00. Oppmøte eit kvarter før avgang.

Ferda går utover mot Slinningen, rundt Langevågsholmane, forbi Tyskholmen og tilbake langs "meieristranda". Turen tek om lag ein time.

 

BILLETTAR
Billettar kjøper du enkelt og greit på Tikkio. Velg dato og klokkeslett.

 

PRIS
Kr. 145 pr. person. Samme pris for barn som for voksne.

 

Borgundknarren.
Borgundknarren er ein kopi av eit havgåande vikingskip, frå ca. år 1000, spesialbygd for handel. Den er 16m lang, 4,6m brei og har eit råsegl på 87m2. Kjøl, mastefisk og stamner er av eik, mens båtborda er av furu.

Knarrane vart nytta som handelsskip i nære og fjerne farvatn i vikingtid og tidleg mellomalder. Dei er kraftige båtar med god lasteevne, godt egna for havsegling. Det var slike skip Leiv Eiriksson nytta då han kryssa Atlanterhavet til Amerika.

Borgundknarren er bygd av Sigurd Bjørkedal og søner, og vart sjøsett i 1993. Borgundknarren har namn etter handelsstaden Borgund, som var eit knutepunkt på Sunnmøre. Skriftlege kjelder frå sagatida fortel om Borgundarbatin - båten frå Borgund.