SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Vikingskipet Borgundknarren

Det vakre vikingskipet Borgundknarren er kopi av ein original knarr som vart funne i Danmark i 1962. Knarren var vikingane sine handelsskip meir enn 1000 år attende i tid. Slike båtar vart nytta til handelsferdar i vikingtid og tidleg middelalder. Truleg var det med eit slikt skip Leiv Eiriksson nådde Amerika.

 

Borgundknarren er kopi av eit havgåande vikingskip gravd ut ved Skuldelev i Roskilde fjord i Danmark. Knarrane var spesialbygde for handel. Borgundknarren er 16m. lang, 4,6m. brei, og har eit råsegl på 87 m2. Kjøl, mastefisk og stamner er av eik, mens båtborda er av furu. Undersøking av treverket tyder på at originalen vart bygd i Sogn i 1025.

Skipet er bygd av Sigurd Bjørkedal og søner, og vart sjøsett i 1993. Borgundknarren har namn etter handelsstaden (kaupangen) Borgund, som var eit knutepunkt på Sunnmøre. Skriftlege kjelder frå sagatida fortel om ”Borgundar-batin” frå Borgund.