SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Mat og drikke

Brød, svin- og lammekjøt, kylling, graut og fisk var stammen i kosten ein åt under mellomalderen. Frå Nord-Noreg kom Noregs største eksportvare, tørrfisken.

 

I mellomalderen kunne ein sjå ein forsiktig start til matvareindustri, der slaktarane, bakarane og ølbryggjarane kom til i dei største byane. Ein kunne få tørka og salta fisk, og dei rikaste kompletterte kosten med importerte varer som vin, tysk øl, søtsaker og tørka frukt frå sørlegare land. I tillegg dukka det no opp «ukjende» og spennande krydder frå Orienten.


Mat på mellomaldervis

På festivalområdet kan du lukte og smake dei herligaste rettar. Kokkelauget i Møre og Romsdal lagar spennande mat av svin og kylling. Naturlegvis med tilbehøyr som  ein også nytta i mellomalderen. Og sjølvsagt – heilstekt gris på grill, som kan smakast på slutten av dagen. På festivalområdet sel vi også fiskekaker - som smakar himmelsk!

Sugen på noko søtt?
Sal av brente mandlar, saftig krydderkake og søte havrekjeks. Kaffi og saft for den tørste.

Tilbake til 2018
…og om du vil ta ein pust i bakken og vende tilbake til «no-tida» for ei lita stund, er det servering av mat og drikke frå 2018-talet utanfor festivalområdet - i museumskafeen. Sveler, rjomegraut, brus, is, kaker og anna godt.