Sunnmøre Museum, Ålesund

Sunnmøre Museum er eit folkemuseum for kystkultur. Vi gir eit innblikk i sunnmøringane sitt liv og arbeid frå steinalder og fram mot nyare tid, gjennom ulike utstillingar og ei stor samling gamle hus og båtar. I friluftsmuseet er det reist 55 gamle hus, omkransa av eit vakkert friluftsområde. Utstillingane i hovudbygninga  og båthallen fortel om sunnmøringens liv gjennom tusenåra.

 

Melding: Grunna ombygging vil hovudbygninga og delar av museet vere stengt i perioden 1. oktober 2019 - 1. april 2020