Brudavolltunet, Ørsta

Hovudoppgåva til museet er å ta vare på og formidle det særeigne tunet med hus og innbu. Vi prøver å spegle det vestlandske fiskarbondesamfunnet si utvikling med hovudvekt på attenhundretalet. Brudavolltunet skal vere ein møtestad mellom eldre og yngre, mellom fortid og notid.