VELKOMEN OM BORD I BANKSKØYTA

 
23/4, kl 17:00-19:00
FOSNAVÅG HAMN, YTRE ALLMENNING
I slutten av april seglar Storeggen til Søre Sunnmøre. På dagtid inviterer vi elevar til opplegget «Førstereis». På ettermiddagen seier vi VELKOMEN OM BORD I BANKSKØYTA. Målet er å utveksle kunnskap om distrikta si rolle i denne pionertida for fiskeriet.

Svenskane var først ute, men den første sunnmørsbygde skøyta vart overlevert i 1862. Då gjekk startskotet. I 1900 var det 237 sunnmørske bankskøyter som dreiv med heilårs fiske. Fisken vart eksportert til alle verdshjørne og fiskeindustrien trengte hender som aldri før. Hovedtyngda av flåten kom frå Ålesund, men distrikta si rolle var avgjerande. Tilgang på erfarne sjøfolk og i nokre høve ein særeigen risikovilje var nokre av bidraga. Vi har invitert lokale historie – og kystlag til å sjå på historia, frå distrikta. Kom du også!  

 

Tid: Mandag 23. april kl 17 – 19

Stad: Fosnavåg hamn, Ytre Allmenning.

Arrangør: Herøy kystlag og Fiskerimuseet Innlegg ved: Knut Perry Teige og mannskapet på Storeggen

Inngang: Gratis

 

Bilde av bankskøyta under segl. Foto: Vasco Pinhol/Fiskerimuseet SSM

Bilde av Hareidsskøyta Nordeggen. Foto: Ishavsmuseet Aarvak

Bilde av bankskøyta uten segl. Foto: Vasco Pinhol/Fiskerimuseet SSM