Utstillingsopning

 
28/6, kl 12:30-14:00
SUNNMØRE MUSEUM
"Evighetens form" er ei vandreutstilling sentrert rundt Aase Texmon Rygh sine hovudverk dei såkalla møbiusskulpturane

Texmon Rygh er opptatt av kroppen sin relasjon til tredimensjonal kunst – og publikum får mogligheit til å ta på og røre desse unike verka.

Møbiusprinsippet
Utstillinga er sentrert rundt Texmon Ryghs hovuedverk; abstrakte evigheitsformer i stein som byggjer på det matematiske møbiusprinsippet. Prinsippet kan enkelt forklarast ved bruk av ein papirstrimmel; vri den 180 grader og fest deretter endane saman. Då vender den same flata både utover og innover. Skulpturen har ingen start eller slutt, bakside eller framside og blir eit bilde på evigheita.

Aase Texmon Rygh (f. 1925) er modernismens «grand old lady» i norsk samanheng og var den første til å introdusere det norske publikum for abstrakt skulptur.

Utstillinga står fram til september 2017.