Foredrag "Hattens dag"

 
19/11, kl 13:00-14:00
SUNNMØRE MUSEUM
Fekk du ikkje med deg "Hattens dag" på Aalesunds Museum i oktober? Sunnmøre Museumslag gir deg no sjangsen og ønskjer velkommen til søndagsforedrag om temaet!

 

Ålesund gjekk ein gong for å vere ein skikkeleg hatteby. Når ein studera gamle foto, skjønar ein kvifor. Hatten har vore eit veldig viktig plagg - for kvinner og menn, for små og store, for fattig og for rik. Formidlar Ingvil Eilertsen Grimstad  har tatt på seg hatteblikket og utforska dette spennande fenomenet.

 

Inngang: Kr 50. Gratis for medlemmar av Sunnmøre Museumslag. Husk medlemskort!