“Brenner dei ikkje brising meir....?”

 
26/3, kl 13:00-14:00
SUNNMØRE MUSEUM
Sunnmøre Museumslag ønskjer velkommen til søndagsforedrag på Sunmøre Museum. Harald Grytten og Roger Engvik snakkar om båltradisjonen i Ålesund og presenterer boka dei gav ut om dette emnet i desember i fjor, i ord og bilder.


Dette er ei bok om det interessante fenomenet Sankthansbål i Ålesund. Båla her i byen har nemleg vore mange og store og dei har vore omfatta med ei intens oppmerksamheit frå unge og gamle. Båla har vært knytt til visse gater eller strøk av byen. Dei har gitt strøka identitet. Dei har blitt ein del av byen si historie. Og dei har også skapt eit ege sett av ord og begrep som har med samling, stabling og brenning av båla å gjere.

Vi møter dei to garva bålentusiastane, skribenten Harald Grytten (1938) og fotojournalisten Roger Engvik (1944), begge med lang fartstid som bokskrivarar og illustratørar.

 

Inngang: kr 50. Gratis for medlemmar av Sunnmøre Museumslag. Husk medlemskort