Sesongopning er Avlyst!!!!

 
24/5, kl 12:00-15:00
YTSTE SKOTET
Grunna usikkerheit knytt til covit-19 og framtidige restriksjonar, er det i samråd med Storfjordens Vener vedtatt at Ytste Skotet vert stengt for publikum fram til 1. juli.

 

 

Velkommen til sesongopning på Ytste Skotet.

Bli kjend med historia til gardane på Skotet og ver med å bake flatbrød, helse på dyra, kaste hestesko og prøv pil og boge. I løa kan du kjøpe kaffi, saft, heimelaga kaker og brødskiver.


Pris

Vaksne kr 260 og barn kr. 120
Prisen inkluderar museumsbilletten og båtskyss tur/retur.
Båten går kl. 11.00 frå Dyrkorn, med retur kl. 15.00. Skyss over fjorden tek omlag 10 minutt, og stien opp til garden ein liten halvtime. Skyssbåten har plass til 14 personar, så ver budd på litt ventetid på kaia.

Kjem du til fots over fjellet? Museumsbillett vaksen kr. 60 og barn kr. 20 

Du kan betale både med kort og kontantar.



Hjarteleg velkommen til gards!