Onsdagsaktivitetar

 
3/7, kl 12:00-16:00
SUNNMØRE MUSEUM
Velkommen til spennande og lærerike aktivitetsdagar for store og små - kvar onsdag kl. 12-16 i skuleferien, frå og med 26. juni til og med 14. august.


Prøv deg på ”arkeologisk utgraving”, lag brød på bål, test fiskelykka frå bryggekanten, løys museumsquiz, snekre småbåt, kast kasteline, utfordre til spelkamp, gå på styltre, ro færing og mykje meir! Kjøp vaflar i Larsnesbuda - godt for den som vi ha litt å tygge på innimellom aktivitetane. Ope museumskafe med salg av pølser, is, sveler og anna godt.

Tur med Borgundknarren
Kvar onsdag kl. 13, 14 og 15 kan du òg bli med på tur med vikingskipet Borgundknarren. Billettar kjøper du i resepsjonen og kjem i tillegg til inngangsbilletten. Turen kostar kr 50 for voksne og 30 for barn.

Forteljarstund
Også denne sommaren får vi besøk av musikkforteljarteateret FRIKO - i år utvida med eit nytt medlem. Dei tre formidlarane treff du i båtahallen med framsyninga "Dei ville svanene" kl. 14 og 15 onsdagane 26. juni tom. onsdag 31. juli.

Det vert sjølvsagt også forteljarstund onsdagane 7. og 14. august - men då i ei anna "drakt" :)

 

Vi gler oss til å sjå deg i sommar!