Onsdagsaktivitetar

 
14/8, kl 12:00-16:00
SUNNMØRE MUSEUM
Velkommen til spennande og lærerike aktivitetsdagar for store og små - kvar onsdag kl. 12-16 i skuleferien, frå og med 26. juni til og med 14. august.


Prøv deg på ”arkeologisk utgraving”, lag brød på bål, test fiskelykka frå bryggekanten, løys museumsquiz, snekre småbåt, kast kasteline, utfordre til spelkamp, gå på styltre, ro færing og mykje meir! Kjøp vaflar i Larsnesbuda - godt for den som vi ha litt å tygge på innimellom aktivitetane. Ope museumskafe med salg av pølser, is, sveler og anna godt.

Tur med Borgundknarren
Kvar onsdag kl. 13, 14 og 15 kan du òg bli med på tur med vikingskipet Borgundknarren. Billettar kjøper du i resepsjonen og kjem i tillegg til inngangsbilletten. Turen kostar kr 50 for voksne og 30 for barn.

Forteljarstund
Også i år vert det eventyr som musikkforteljarteater. Vi får besøk av gruppa FRIKO, som består tre utøvarar: Fride Snipsøyr Holøs og Fride Nøstdahl Hjelle, som spelte hjå oss i fjor, og Kornelia Melsæter. I år er det framsyninga «Dei ville svanene» du møter i båthallen kl. 13 og 14, onsdagar frå 26.juni tom. onsdag 31.juli. 

Det vert sjølvsagt også forteljarstund onsdagane 7. og 14. august - men då i ei anna "drakt" :) 

 

Vi gler oss til å sjå deg i sommar!

 

Prisar inngang:

Vaksen  kr   80
Barn     kr   40
Familie  kr 170
Senior   kr   60
Student kr   60