Omvisning på Aalesunds museum

 
2/7 og 30/7, kl 14:00-15:00
AALESUNDS MUSEUM
På Aalesunds Museum kan du lære om då byen vaks fram, om handverkarane som etablerte seg, bybrannen, Ole Brude si ville ferd over Atlanteren og om livet i Ålesund under okkupasjonen.

Sommarprogram Aalesunds Museum :

Omvising tysdag og torsdag kl 14:

Det er 75 år sidan slutten av 2. verdskrig. Bli med på ei omvisning på Museumshaugen, og lær om livet i Ålesund under okkupasjonstida. Vi avrundar med  besøk i utstillinga « Ålesund 1940-45». Omvisinga er inkludert i museumsbilletten.

Aktivitetar for små og store:

Kvar dag i skuleferien har vi aktivitetar for liten og stor. Ta med familien og utforsk utstillingane og museumsparken med ein spennande rebus. Om du vil leike og bruke grøntområdet låner vi deg gjerne både drake, stylter og trillering! Aktivitetane er inkludert i museumsbilletten.

Er du tørst kan du kjøpe kaffi og brus i resepsjonen. Velkomen til sommardagar på haugen!