Funn i fonn og fjell

 
30/3, kl 19:00-20:30
SYKKYLVEN NATURMUSEUM
Spennande foredrag med arkeolog Kristoffer Dahle og lokalhistorikar Astor Furseth.

Varme somrar og milde vintrar har resultert i rekordstor nedsmelting av gamle snøfonner, og det er gjort fleire nye, spennande og godt bevarte funn i kanten av desse dei siste åra. For første gong har arkeologane gått opp i høgfjellet her i nordvest. Funna har gitt ny innsikt om fangst og samfunn i forhistorisk tid, men kan også belyse spørsmål knytt til biologi, geologi og klima.

Kristoffer Dahle, arkeolog i Møre og Romsdal Fylkeskommune, og lokalhistorikar og fjellvandrar Astor Furseth held foredrag om kva funn som er gjort og kva dette kan fortelje oss om naturen og folket i forhistorisk tid. Velkomen til ein spennande kveld ved Sykkylven Naturmuseum!

Billettar: Vaksne kr 100/ barn gratis

Illustrasjon: Eva Furseth