Museumsskattar frå forhistoria

 
17/6, kl 13:00-15:00
SYKKYLVEN NATURMUSEUM
Aalesunds Museum har ei stor og flott samling av forhistoriske gjenstandar. Desse gjenstandane er lausfunn. Dei vart funne av privatpersonar på Sunnmøre i åkrar og på strender, og dei kom inn til museet på starten av 1900-tallet.

Dei forhistoriske samlingane ved Aalesunds Museum spenner vidt i tid; frå eldre steinalder, bronsealder, og fram til jarnalder. Museet har henta fram denne delen av samlinga, og laga utstillinga som blir å sjå i Sykkylven Naturmuseum sine lokale denne sommaren. Ta turen innom naturmuseet og lat deg fasinere av desse skattane som er frå same tid som det var liv og røre på markane ved Aure-garden i forhistorisk tid.

 

Spanande foredrag

Opningsdagen, søndag 17. juni, vil arkeolog, bogemakar og habil bogeskyttar Heidi Haugene innvie oss i den spennande historia knytt til utviklinga av pilbogen, både som kampreiskap og fredleg fritidssyssel.

 

Etterpå kan du også prøve deg på bogeskyttarkunsten, under kyndig rettleiing frå erfarne bogeskyttarar!

 

Denne søndagen er det gratis inngang på naturmuseet.