Jordvernkonferansen 2017

 
3/4, kl 10:00-16:00
LANDBRUKSMUSEET
Velkommen til Jordvernkonferansen 2017 på Gjermundnes.

Møre og Romsdal er i landstoppen når det gjeld å ta i bruk dyrka jord til andre formål. Berre dei siste åra er dyrka jord på storleik med 380 fotballbaner tatt i bruk til andre for-mål enn jordbruk på Nordvestlandet. Dette er bakteppet når det blir invitert til jordvernkonferanse på Gjermundnes mandag 3.april. Målgruppe er politikarar og administrasjon i kommunane, bønder, grunneigarar og andre som er opptekne av korleis areal som er egna til matproduksjon blir brukt.

Inngang: Gratis

Program

Stad         
Gjermundnes vidaregåande skule, Vikebukt, Vestnes

Møteleiar
Kolbjørn Gaustad

Kl 10.00
Landbruksmuseet er ope for omvisning

Kl 10.30
Registrering og servering av kaffe og rundstykker

Kl 11.00
Opning ved Frank Madsøy, landbruksdirektør i Møre og Romsdal

Kl 11.15
"Jordvern ein kongstanke", ved forfattar Knut Ødegård

Kl 12.00
Ordførarane i Vestnes, Rauma, Nesset, Midsund, Aukra, Sandøy, Fræna og Molde får kvar sine 5 min til å fortelja om jordvern i sine kommunar

Kl 13.00
Middag. Høve til omvisning på Landbruksmuseet

Kl 14.00
Jordvern og vegbygging v/Kristin Sørheim, leiar i samferdselsutvalet i M&R

Kl 14.30
Jordvernet i lovverket v/Gunvor Fossholt Ytterstad, jurist hos Fylkesmannen i M&R

Kl 15.00
Førstekandidatane på stortingsvallistene presenterer kva jordvern det einskilde parti står for. Paneldiskusjon.

Kl 16.00
Avslutning

Årsmøte i Jordvern Møre og Romsdal
Etter avslutning av konferansen blir det årsmøte i Jordvern Møre og Romsdal.

Påmelding 
Innan tirsdag 28.mars til tlf 90 95 47 87 eller moreogromsdal@jordvern.no

Arrangør
Landbruksmuseet for Møre og Romsdal i samarbeid med Jordvern Møre og Romsdal, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag