Jorda rundt frå Borgundfjorden

 
1/3, kl 19:00-01:00
FISKERIMUSEET
Fiskerimuseet inviterer til kveldsarrangementet «Jorda rundt frå Borgundfjorden», med foredrag, deilige klippfiskrettar og portugisisk fado. Det blir også fisketurar for små og store på Borgundfjorden med bankskøyta Storeggen.

 

Vi har fått med oss historikar Trudi Henrydotter Eikrem som har forska på importen av klippfisk til Spania og Portugal i 1800 – åra. Ho har også interessert seg for den kulturelle utvekslinga som må ha gått føre seg. Eit døme er den portugisiske fadoen.

Vi har også fått med oss Klippfiskakademiet som vil servere smakebitar av gode klippfiskrettar. Råvarene er lokale, oppskriftene er internasjonale. Vi gler oss til å smake det kokkane Ole Christian Skogen og Tiago Lopes lagar til oss.

Det er ikkje mange som syng fado her til lands, men modige Anita Valderhaug har tatt utfordringa. Anita har brei erfaring fra teater og musikk, og jobbar til dagleg som musikar og teaterpedagog. I møte med nye uttrykk og utfordringar beheld ho alltid ei sterk kjerne av særpreg. I senter står formidling av tekst og nerve. Ho har tidlegare jobba med argentinsk tango av Piazolla, og ikkje minst, eigne tolkingar av Edith Piaf sitt repertoar. Sprengkrafta i uttrykket ligg i risikosona og denne gangen er det ikkje mindre enn Portugal si sjel som skal formidlast. 

Fado er ein særeigen portugisisk musikktradisjon som har eksistert sidan 1800-talet, og den må ha kome ålesundske sjøfolk for øyrene. I eit elles bråkete lokale i Lisboa blir det stille når lyset blir dempa og nokon seier: Stille. Det skal syngast fado. Musikken har sin heilt særeigne klang og tekstane fortel om smerten i det uforløyste, om lengten etter forløysing, skilt av havet, som ei bokstavleg barriere eller som metafor. Mangt i desse tekstane kan vi kjenne att. Vi tømte sorger og henta trøyst i salmane, medan portugisarane fann fadoen.

 

Vel møtt til Jorda rundt frå Borgundfjorden!

Stad: Fiskerimuseet, Molovegen 10, Ålesund

Tidspunkt: Torsdag 1. mars kl 19:00

Billett: NOK 150,- 

Kjøp billettar her Tikkio eller ved døra.

Sal av drikkevarer