Aktivitetsdag i haustferien

 
11/10, kl 12:00-15:00
SUNNMØRE MUSEUM
Heime i haustferien? Bli med på mange og lærerike aktivtetar i utstillingane våre!

Mellom anna kan du lage potettrykk og bake potetkaker i museumskafeen. Løyse «potetoppgåver» eller handle potetgull i «Bønder i by`n».
Meir informasjon og program kjem!

Potetferie
Tidlegare vart haustferien kalla potetferie. Ferien vart lagt til tida då potetene skulle opp av jorda, slik at skuleborna kunne hjelpe til med innhaustinga. Nokon hevdar at potetferien vart innført under dei harde krigsåra på 1940-talet for å hjelpe bøndene med innhaustinga. Andre meiner vi kan spore den lenger tilbake.

Inngang: Voksen kr 80 / senior kr 60, barn kr 40, familie kr 170