Musikkforteljarteater

 
1/7, kl 12:00-15:00
SUNNMØRE MUSEUM
«Dei ville svanene» har landa på Sunnmøre Museum - saman med musikkforteljargruppa FRIKO.


Også i år vert det framsyningar kl. 12 og 14, kvar onsdag gjennom heile skuleferien. Arrangementet tek inntil 50 tilskuarar – alle med god avstand til kvarandre, på Åkre bedehus. Billettar kjøper du i resepsjonen saman med museumsbilletten. Voksen kr 50 og barn kr 30

Dei ville svanene
Ålesundskompaniet FRIKO spelar ein musikkteaterversjon av H.C Andersen-eventyret «Dei ville svanene». Ein dag forsvinn brått Elisa sine 11 sysken, og ho er åleine i ein ulykkeleg heim med ei grusomt sjalu stemor. Ho må ut, ut og finne syskna sine. Og kven veit, kanskje finn ho også noko meir på ferden?

FRIKO er ein trio som driv med musikk og teater både i kombinasjon og separat. «Dei ville svanene» er nettopp ein slik kombinasjon. Etter å ha omskrive, dramatisert og skrive musikk til eventyret har det fått ei ny, meir progressiv drakt, kor den unge jenta er si eiga heltinne.