Matkultur

 
23/9, kl 13:00-16:00
VOLDA BYGDETUN
Kulturelle opplevingar for små og store!


Matkulturelle opplevingar har vorte ein tradisjon under Forskingsdagane i Volda. Søndag 23. september kan små og store leggje turen til Volda Bygdetun. Der vil studentar frå Høgskulen i Volda vere på plass med råvarer, oppskrifter, kunnskap og matkulturelle opplevingar. Rundt omkring i bygdetunet kan publikum få vere med på å lage, smake og lære om mat med ulik historisk og kulturell tilknyting.

Vel møtt til ein sosial, smakfull og lærerik dag i Volda Bygdetun!

Studentane går på studiet "Mat, kultur og konservering", som er eit tverrfagleg studium ved "Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning". Studiet er retta mot dei som er interesserte i praktisk og teoretisk kunnskap om matkultur, mattradisjonar og konservering. Studiet er populært og har mange søkjarar. Om lag tjue studentar vil vere i aktivitet denne søndagen.