Foredrag "På Skrå" - Den gamle sunnmørsbåten, Snidbetningen

 
9/2, kl 13:00-14:00
SUNNMØRE MUSEUM
Velkomen til søndagsforedrag på Sunnmøre Museum. Langs vår kyst har vi eit mangfald i klinkbygde båttradisjonar. På Sunnmøre har det fram til byrjinga på 1900-talet eksistert ein båt som er særeigen ut frå andre typar i landet, Snidbetningen. Den er i nær slektskap med typane lenger nord i fylket, men skil seg vesentleg ut byggteknisk. Vi kjenne ikkje til liknande bordlegging i verdssamanheng.

Namnet snidbetning, kjem av denne noko uvanlege bordlegginga. Det tyder rett og slett «skråbotning», der båtborda ligg sterkt på skrå i botnen frå midten og framover. Båttypen har vorte mytisk etter at den gjekk ut av bruk, og fekk utnamn som flatbrennar og mannedrepar. Fleire har gitt den eit dårleg ry for å vere ein farleg og svak båt, men var den verkeleg det?

 

Inngang: 60,-