Jul på Herøy

 
8/12, kl 14:00-18:00
HERØY KYSTMUSEUM
Kystmuseet byr på julepynta stover, kafé og levande julemusikk.

 

Spennande førjulsaktivitetar i museumstunet. Bli med på forteljarstund, juleverkstad, musikkverkstad, lysdypping og mykje meir. Klokka 15:30 og 17:30 går vi rundt juletreet til levande musikk.

Det blir skilta til parkering frå fylkesvegen.

Inngang:
Familie kr. 200, -
Enkeltbillett kr. 50, -

Arrangementet er eit samarbeid mellom Herøy Kystmuseum, Herøy mållag og kulturavdelinga i Herøy kommune.