Dikt på tur

 
24/5, kl 19:00-21:00
SYKKYLVEN NATURMUSEUM
Sykkylven Naturmuseum og Sykkylven Mållag inviterer til ein annleis kveldstur til Kambane, frå Hjellane. Undervegs nyt vi våren, utsikta og høgtlesing av fine/gode/artige dikt.

Fridtjov Urdal og Olav H. Hauge sine dikt er garantert med på turen i tillegg til fleire andre. Og dersom nokon i turfølgjet har eit «dikt på lomma» som dei gjerne vil dele med andre, sjølvskrive eller  ikkje, må dei gjerne gjere det. Mållaget og naturmuseet ønskjer alle hjarteleg velkomne til ein uhøgtidleg kveldstur. Møt opp ved parkeringsplassen på Hjellane. Turen går uansett vêr!