Årets første museumssøndag på Yste Skotet

 
21/5, kl 11:00-16:00
YTSTE SKOTET
Søndag 21. mai kan de kome og oppleve vårstemninga på fjellgarden Yste Skotet.

Geitekillingane vil gjerne ha kos og besøk frå unge og eldre. Sauene beiter i det grøne vårgraset, og hønene tuslar rundt på gardstunet. Det vil vere aktivitetar som flatbrødbaking og skyting med pil og boge på garden. Det er mogeleg å kjøpe seg kaffe og kake under opphaldet.

Skyssbåten går kl 11 frå Dyrkorn og returnerar kl 15. Inngangsbilletten for museet kostar kr 60,- for vaksne og kr 40,- for born. Båtskyss kostar kr 200,- pr vaksne og kr 100,- pr born.

 

Kontakt oss +47 975 08 300 for mer informasjon.

Hjarteleg velkomen til gards!