Flytting av Werners insektsamling

Etter mange tiår i Sunnmøre Museum sitt gamle magasin og ved Sykkylven Naturmuseum, er no rundt 10 000 insekt flytta frå Sunnmøre Museum til Naturhistorisk Museum i Oslo.

 

Det var Jon Werner som samla desse insekta frå tidleg på 1900-talet og fram til han døydde i 1937. Då gav enka etter han samlinga til Sunnmøre Museum. Jon Werner var forstmann og styrar ved planteskulen i Ørsta, og gjorde mange innsamlingar av insekt på sine mange turar i området rundt «Ørstenvik», men også andre stader. Mellom anna var han den første som fann Mnemosyne-sommarfuglen i Norge, i Tafjord tidleg på 1900-talet.

I følgje entomolog Lars Ove Hansen, ved Universitetet i Oslo, er slike samlingar særskilt interessante for å finne ut korleis klimaendringar påverkar utbreiing av insektartar over tid. Insektsamlinga vert no teken inn i universitetsmuseet sine samlingar. – Vi sende frå oss ei fantastisk vakker insektsamling, fortel avdelingsleiaren ved Sykkylven Naturmuseum. Det ville bli svært kostbart og vanskeleg om vi skulle  presentere denne i ei utstilling her, samstundes som det ville vere stor fare for å forringe kvaliteten. Naturhistorisk Museum i Oslo har no ansvar for å ta vare på denne på forskriftsmessig vis.