Avdelingsleiar / konservator

Ein av våre konservatorar skal gå av med pensjon og vi søkjer etterfølgjaren hans. Vedkommande vil vere avdelingsleiar på Sunnmøre Museum i Borgundgavlen. Det krevs høgare utdanning, museumserfaring, erfaring med leiing og evne til kommunikasjon og samarbeid.

 

Stiftinga Sunnmøre Museum (SSM) er eit konsolidert museum for Sunnmøre. Museet omfattar tolv avdelingar og har 34 tilsette. Museet har hovudkontor i Borgundgavlen i Ålesund.

  

SSM har ledig stilling som

AVDELINGSLEIAR / KONSERVATOR

Ein av våre konservatorar skal gå av med pensjon og vi søkjer etterfølgjaren hans. Vedkommande vil vere avdelingsleiar på Sunnmøre Museum i Borgundgavlen, og ha personalansvaret der. Den tilsette er med i leiargruppa i SSM, og fungerer som NK for direktør. Vedkommande vil ha det overordna faglege og driftsmessige ansvaret for museet. Avdelingsleiar rapporterer til direktør.

 

Kvalifikasjonar:

  • Ha utdanning frå universitet eller høgskule på masternivå
  • Ha erfaring frå museumsarbeid
  • Ha erfaring frå leiing
  • Ha interesse for forskings- og utviklingsverksemd
  • Ha gode kommunikasjonsevner, bidra til eit godt arbeidsmiljø, være samarbeidsvillig og ein god lagspelar

 

Vi tilbyr:

  • Ei spennande leiarstilling med mange utfordringar og høve til personleg utvikling
  • Ein interessant arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • Pensjonsordning i KLP (Kommunal Landspensjonskasse)
  • Løn etter avtale
  • Oppstart 01.10.2017 eller etter avtale

 

Nærare opplysningar ved direktør Ivar Gunnar Braaten; ivar@sunnmore.museum.no
eller konservator Jarle Sulebust; jarle@sunnmore.museum.no

Søknad med CV og referansar sendast elektronisk til ivar@sunnmore.museum.no
innan 28. april 2017.