STILLING LEDIG

Vi søkjer etter ein folkemusikar og ein folkedansar til Stiftinga Sunnmøre Museum. Dette er ei toårig prosjektstilling, og er ein del av eit utviklingsprosjekt i Møre og Romsdal som skal styrke den immaterielle kulturarven.

 

Stiftinga Sunnmøre Museum er eit konsolidert museum for Sunnmøre. Museet omfattar tolv avdelingar og har 31 tilsette. Hovudkontoret ligg i Borgundgavlen i Ålesund.

 

Ledig stilling:
FOLKEDANSAR 40% stilling og FOLKEMUSIKAR i 40% stilling. Begge stillingane er fylkesdekkjande. 


 

Opplysning om stillingane:
Stiftinga Sunnmøre Museum søkjer etter ein FOLKEMUSIKAR og ein FOLKEDANSAR, begge i 40% stilling med oppstart etter avtale haust 2018.  
Dette er ei toårig prosjektstilling, og er ein del av eit utviklingsprosjekt i Møre og Romsdal som skal styrke den immaterielle kulturarven i fylket.

Stillingane sitt hovudmål er å vere ein ressurs for folkemusikk- og folkedansmiljøet i Møre og Romsdal, medverke til å styrke og utvikle desse og bidra til å auke kunnskapen og engasjementet om folkemusikken og folkedansen.

Barn og unge er ei prioritert gruppe for prosjektet. Det er utarbeidd ei prosjektbeskriving med innhald og mål for begge stillingane.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Samarbeid med regionmusea i Møre og Romsdal og frivillige organisasjonar innan fagfeltet.
  • Formidling gjennom seminar, kurs, framsyningar, helgesamlingar for ungdom med meir.
  • Faste øvingar i utvalde kommunar som det vert innleia samarbeid med.
  • Det er òg naturleg å samarbeide med kulturskular, spelemannslag og Ungdomslag.

 

Vi ønskjer søkjarar med:

  • Høgare musikk- eller dansefagleg utdanning innanfor folkemusikk/folkedans.
  • God kjennskap til musikalske tradisjonar/dansetradisjonar frå Møre og Romsdal i samband med prøvespel/prøvedans.
  • Alle musikarar, som spelar tradisjonsmusikk på relevante instrument innan folkemusikksjangeren, kan vere aktuelle for stillinga som folkemusikar.
  • Dyktige utøvarar med gode formidlingseigenskapar, samarbeidsevner og allsidigheit i ulike formidlingssituasjonar.
  • Målretta, fleksibel, løysingsorientert, sjølvstendig og har god samarbeidsevne.

  

Stiftinga Sunnmøre Museum er arbeidsgivar og arbeidsstad vert fastsatt i samarbeid med søkjar.

 

Villkår:

  • Den tilsette må bu eller vere villig til å busette seg i fylket.
  • Søkjar må ha sertifikat og disponere eigen bil.
  • Arbeidsoppgåvene vil innebere reiseverksemd i heile fylket.

Arbeidstida blir organisert i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, og det vil være varierande aktivitetsnivå i løpet av året.

 

Vi tilbyr:

  • Innmelding i KLP i prosjektperioden
  • Løn etter avtale

     

Aktuelle søkjarar vil bli invitert til prøvespel/prøvedans og intervju.

Søknadsfrist: 31. mai

Søknad med CV sendast til post@sunnmore.museum.no

 

Ved spørsmål – kontakt Anna Gjendem ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal 47409302 eller folkemusikk@hivolda.no