SØKJER MUSEUMSVERT - Dalsfjord Fyrmuseum

Dalsfjord Fyrmuseum søkjer utåtvende og engasjerte museumsvertar med interesse for kulturarvsformidling.. Arbeidsoppgåvene består i hovudsak i å gje informasjon til besøkande, billettsal og omvising. Andre arbeidsoppgåver knytt til museumsverksemda kan bli aktuelle. Vertane har også ansvar for tryggleik, for dagleg reinhald og klargjerings- og stengeoppgåver.

 

Arbeidstida er sundagar i perioden 9. juni- 18. august. Omvisingar utanom dette kan verte aktuelt. Presiser i søknaden om du kan jobbe heile eller delar av sesongen. Søknadsfrist 25.mai.

 

Spørsmål, kortfatta søknad, CV, vitnemål og attestar kan sendast til:

postvb@sunnmore.museum.no