Rømmegraut på Brudavolltunet

I år vil Brudavolltunet servere rømmegraut kvar søndag i juli månad. Før om åra har dette vist seg å vere eit populært tiltak, og mange har teke søndagsmiddagen sin her.

 

Har du ikkje grautamage kan du likevel kome å kjøpe deg kaffi og kake. Kanskje ein idé etter ein fjelltur, sykkeltur eller ein spasertur i nærområdet? Vi vil halde husa opne i tunet, så du har høve til å sjå deg ikring. Sjå annonse i lokalavisene i Ørsta og Volda for meir informasjon. Dei som er med på å få dette til er Ørsta Bygdemuseumslag, Åmdal Bygdekvinnelag og Sunnmøre Museum.

Kvar søndag sal av rømmegraut frå kl. 13.00-16.00.