Ny direktør i Musea på Sunnmøre

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er tilsett som administrerande direktør i regionmuseet Musea på Sunnmøre.

 

Rotevatn er utdanna cand.mag. Journalistikk radio og har master i Nynorsk skriftkultur, i tillegg til universitetsutdanning på fagområda statsvitskap og nordisk språk. Ho har brei erfaring innan både kommunikasjon og leiing, mellom anna frå NRK, PR selskapet I&M Kommunikasjon og som dagleg leiar for oppslagsverket Allkunne. Rotevatn har fleirårig styrekompetanse gjennom ei rekkje verv både frå offentlege institusjonar og private organisasjonar. Rotevatn kjem frå stillinga som dekan ved Høgskulen i Volda.

Rotevatn tiltrer stillinga så snart som mogleg.

Eit samstemt styre er glad for at Audhild Gregoriusdotter Rotevatn har takka ja til stillinga og ser fram til eit godt samarbeid.

Rotevatn uttalar at «Eg er svært glad og audmjuk for den tilliten styret og dei tilsette har vist meg når eg no har takka ja til å verte administrerande direktør. Musea på Sunnmøre har eit sterkt fagmiljø med stor kompetanse på kunst, arkiv og museum, og forvaltar av vår materielle og ikkje- materielle kulturarv. Eg gler meg til å bli ein del av kollegiet!
Med tretten museum i ulike kommunar, Kulturkvartalet og kunstmuseet KUBE, samt Folkemusikkarkivet ber Stiftinga Musea på Sunnmøre vårt kollektive minne langs kyst, fjord og fjell. Det er ei stor og viktig samfunnsoppgåve.
No gler eg meg til å lære dei tilsette og organisasjonen å kjenne, og saman skal vi meisle ut framtidas strategi for Musea på Sunnmøre, til beste for vårt publikum»

 

Det nye regionmuseet Musea på Sunnmøre er etablert gjennom ein fusjon mellom stiftingane Sunnmøre Museum, Kulturkvartalet og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Museet har 40 tilsette, med hovudkontor i Ålesund. På grunnlag av den gjennomførte konsoliderings-prosessen ligg det føre ambisiøse utviklingsplanar.