Ledig stilling

Stiftinga Sunnmøre Museum (SSM) er eit konsolidert museum for Sunnmøre. Museet omfattar tolv avdelingar og har 34 tilsette. Museet har hovudkontor i Borgundgavlen i Ålesund.

 

Stilling som formidlar/museumsvert

 

Vi tilbyr ei allsidig og sjølvstendig stilling. Den tilsette skal utvikle, førebu og gjennomføre omvisingar og formidling på musea vi driv på Søre Sunnmøre. Dette omfattar også gjennomføring knytt til Den kulturelle skulesekken. Du vil også ha tilsyn med museumsanlegga og praktisk arbeid knytt til vedlikehald og drift av desse.

Kontorstad Gamlegymnaset i Volda. Arbeidsstad er musea på Søre Sunnmøre.

Den som blir tilsett må ha førarkort klasse B og disponere bil.

 

Vi ynskjer deg som har:

Gode formidlingsevner

Stor gjennomføringsevne

Praktisk røynsle

Gode datakunnskapar

Er ryddig og etterretteleg

Er sjølvstendig, fleksibel, ansvarsbevisst og serviceinnstilt.

Du har gode kommunikasjonsevner og beherskar norsk og engelsk skriftleg og munnleg.

 

Stillinga føreset høgare utdanning i relevante fag.

 

Vi kan tilby:

  • Eit spennande musealt formidlingsmiljø i regionen
  • Gode pensjonsordningar i KLP
  • Løn etter avtale

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Cecilie@sunnmore.museum.no

Merk søknaden «formidlar/museumsvert»

Søknadsfrist: 18.januar.2019

Tilsetting: frå 1.3 eller etter avtale med moglegheit til forlenging.

Send søknad med CV til post@sunnmore.museum.no