Kystpilgrimsleia

Stiftinga Sunnmøre Museum har vore ein viktig aktør, saman med Borgund kyrkje, Ålesund kommune og Destinasjon Sunnmøre og Ålesund i arbeidet med prosjektet «Kystpilegrimsleia». Eit omfattande prosjekt som mellom anna inneber at vi er godkjent som ein europeisk kulturveg og at vi er ein del av det Nasjonale Pilgrimssenteret i Trondheim.

 

Kystpilegrimsleia er et prosjekt i samarbeid mellom fem fylkeskommunar Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, og fire bispedøme; Stavanger, Bjørgvin, Møre og Nidaros. Prosjektet er no inne i si siste fase og pilgrimsleia vert offisielt opna sommaren 2018.

Pilgrimsleia i Møre og Romsdal.
I Møre og Romsdal har vi seks ulike «nøkkelstadar»; Herøy gard, Giske kyrkje, Borgund kyrkje, Borgundkaupangen, Veøya, Kvernes på Avery og Kuli på Smøla.

Bruk av leia skal fremme kunnskap om historie og kulturminne, miljøforståing, fysisk aktivitet og folkehelse, samt tilrettelegging for bruk og vern av kulturarven. Målet er å få i gang ei internasjonal reiselivssatsing og gi ei djupare oppleving av kysthistorie, pilegrimstradisjonar, kyrkjehistorie og den kristne trua, samt dei kulturhistoriske aspekta rundt dette.