Internasjonalt forskingsprosjekt bles nytt liv i Borgund!

Gjennom eit tverrfagleg, internasjonalt samarbeid skal etablerte forskarar frå Noreg, Island, USA, Austerrike, Finland og Belgia finne meir ut om livet i Borgund; korleis og kvifor Borgund oppstod og kva som til slutt gjorde at byen vart forlatt. Forskingsteamet vert leia av professor Dr. Gitte Hansen, Universitetsmuseet i Bergen.

 

 

I mellomalderen var Borgund ein av 15 byar i Noreg. Dei arkeologiske funna som vart gjort på 50, 60 og 70-talet i Borgundgavlen er, utanfor dei store byane, det største arkeologiske funnmaterialet i Noreg knytt til mellomalderen. No bles ein nytt liv i forskinga!

Oppstart
Dagane 20. - 23. november held arkeologar, geologar og historikarar oppstartsseminar på Middelaldermuseet, for å sette den vidare kursen for forsknings- og formidlingsprosjektet som går over fire år.  

Finansiering
Norges forskningsråd (NFR) har gitt 10 millionar kroner til Universitetsmuseet i Bergen til prosjektet som tek utgangspunkt i det store arkeologiske funnmaterialet i Borgund. I tillegg har prosjektet ei eigenfinansiering på godt og vel 12 millionar kroner frå universitets- og museumssektorane i Noreg, Island og USA.