Direktørskifte ved Stiftinga Sunnmøre Museum

Direktør Ivar Gunnar Braaten sluttar som direktør ved Stiftinga Sunnmøre Museum i løpet av hausten 2018.

 

 

Styret i SSM arbeider med å konstituere ein direktør, og avgjera vil bli tatt så raskt som praktisk råd.

SSM er inne i ein prosess med å skipe ein ny museumsorganisasjon på Sunnmøre. I den prosessen skal Stiftinga Kulturkvartalet (KUBE og Jugendstilsenteret) og SSM vere med. Samstundes vil ulike eigarstiftingar også få høve til å vere med dersom dei ynskjer det. Den nye museumsorganisasjonen skal vere operativ frå 1. januar 2020.

Ivar Gunnar Braaten har vore direktør for SSM sidan den store konsolideringsprosessen for musea på Sunnmøre kom i gang for 12-13 år sidan. Før det var han i mange år leiar ved Aalesunds Museum. Han er 62 år, og han kjenner museumsarbeide på heile Sunnmøre sers godt. Braaten kom med ynskje om å overlate danninga av den nye organisasjonen til yngre krefter. Han skal over i ei fagstilling i SSM, og han har viktig kunnskap og fagkompetanse som vil bli nytta i museumsdrifta framover.

Styret vil rette ein stor takk til Ivar Gunnar Braaten for innsatsen hans gjennom alle desse åra.