Besøksrekord i 2016

Året 2016 ga tidenes besøkstal for dei 12 musea i Stiftinga Sunnmøre Museum. I overkant av 101 000 personar gjesta eit eller fleire av dei ulike musea gjennom året som gjekk. Ei auke på meir enn 14 % samanlikna med året før.

 

Året 2016 var eit knallår for regionsmuseet Stiftinga Sunnmøre Museum. For første gong har vi passert 100 000 besøkande – ein svært viktig milepæl for oss. Dette viser at vi er på riktig veg i forhold til både å skape og å behalde interessa for den spennande kulturhistoria vår.

Nye utstillingar skapar nye besøk
Gjennom året opna vi to ganske så betydelige utstillingar – sett opp mot både format og publikumsinteresse. Naturmuseet i Sykkylven har meir enn tredobla sitt besøkstal etter opninga av utstillinga «Mosaikk». Ei utstilling som viser mangfaldet i natur, dyre- og fugleliv i dei kystnære fjordane på Sunnmøre. Også Middelaldermuseet i Borgundgavlen vart behørig gjenopna dette året, med ei ny, flott utstilling om historia knytt til Borgund si storheitstid på 1200 talet.

Sunnmøre Middelalderfestival
Året 2016 var også året der Sunnmøre Middelalderfestival igjen vart arrangert. Og som i 2014 vart det også denne gongen ein to-dagars solrik folkefest med meir enn 4000 besøkande. Festivalen vert arrangert kvart andre år.

Auka cruisebesøk
Gjennom sommaren hadde talet på cruisegjestar – både i organiserte grupper og gjestar som tok turen på eigahand, ei betydeleg auke samanlikna med 2015. Både på Sunnmøre Museum, Aalesunds Museum og Fiskerimuseet.