Samling av båtmodellar

Denne hausten mottok Stiftinga Sunnmøre Museum ei flott samling båtmodellar i gåve.

 

Samlinga tel 14 båtar, alle frå Hagenæs Shipping i Ålesund. Samla fortel modellane om historia til rederiet, heilt i frå etterkrigstidas Noreg og fram til i dag. Ein stor takk også til Sparebanken Møre som har stilt midlar til rådigheit slik at samlinga i si heilheit vert bevart på museet.