80-års minne: Fjellet under krigen

Gjennom andre verdskrigen var fjellet og setrane fristader, der folk kunne vere eit stykke vekke frå den tyske kontrollen og restriksjonane.

 

Setrane vart møteplassar for ungdomen. Fjella vart fridomssymbol. Den Norske Turistforening vart ikkje, slik som idrettsforeiningane, lagt inn under nazistisk kontroll, og stod med det fram som ein nøytral organisasjon. Den nasjonale turistforeininga dobla nesten medlemstalet sitt under krigen, frå 15.800 medlemer i 1939 til vel 30.000 i 1944. Hyttedrift og løypemerking gjekk om lag som før over heile landet.[i]

Det same galdt på Sunnmøre, og hyttene til ÅST vart ikkje utsette for skade i samband med krigshandlingar og kunne haldast opne sommarsesongane gjennom heile krigen. Dei var også flittig besøkte. Av ei hyttebok på Vakkerstølen går det fram at der var 45 gjester ein dag påska 1945. Sigurd Pedersen, som vitja hytta i august 1943, vart inspirert til å skrive nokre strofer som i all si uskuld kunne tolkast som ein lågmælt  protest mot dei tyske okkupantane. «Sommer og sol over fjell og vann. Skjønt er Norge, vårt deilige land.»

Ein av dei som hadde fått eit helt spesielt og nært tilhøve til fjellet under krigen var Linge-soldaten Joachim Rønneberg. Det siste krigsåret skjulte Rønneberg og nokre kameratar seg i fjellområdet rundt Veltdalen medan dei førebudde sabotasjeaksjonar i Romsdalen. Tidlegare under krigen var Rønneberg sentral under den dramatiske tungtvassaksjonen på Vemork ved Rjukan. I kampen mot okkupasjonsmakta var fjellheimen den tryggaste skjulestaden.

Vinteren dei var i Tafjordfjella,  livnærte dei seg mellom anna ved mat dei tok frå Reindalsetra. Dei hytteansvarlege la merke til svinnet, men melde det ikkje. Sentrale personar i turistforeininga, som Rolf Ranes, var orienterte om at Lingekarane var i fjellheimen, og Ranes vart tidleg kontakta om at dei ikkje måtte melde proviantsvinnet som var på Reindalsetra. Også Pyttbua vart flittig vitja av karane som gøymde seg i fjellheimen.

Kort tid etter krigen stod det eit stykke i foreininga sitt meldingsblad om kor viktig denne hytta var for å få dei velberga gjennom vinteren i fjellet.

«Turene til Pyttbua var alltid store opplevelser for oss. Det var et pust av sivilisasjonen inn i vårt villmannsliv. Vi kom i ordentlig hus med tregulv og trevegger, og vi kunne ha litt mer plass å omrømme oss på. Og så kunne vi fyre i ovnen så det riktig freste og føle hvordan varmen formelig stakk i kroppen. Vi fikk vaske oss ordentlig, ikke bare kroppen, men klærne med. Hvor ovenpå vi følte oss, når vi ruslet heimover til steinbua vår (Fieldfarehytta) med reine tørre klær og med sekken stappet fullt av knusktørt skift, det kan nok kun den vite som i ukevis har gått med fuktige klær på kroppen.»

Den som skreiv om den livgjevande varmen i Pyttbua, var Joachim Rønneberg. Rønneberg kjende turistforeininga og den lokale fjellheimen frå åra før krigen også. Han var ikkje gamle karen då han vart med foreldra på helgaturane til foreininga. Han kom også med i styret i foreininga, og i 1939 vart han vald til sekretær i styret. Året etter var landet i krig og Joachim Rønneberg var blant dei som reiste over til England for å førebu seg til vidare motstandskamp der. I 1945 kom han tilbake frå England. Opplevingane under krigen hadde vore sterke, og Rønneberg fortel at han var medviten om at det kunne kome ein reaksjon på det han hadde vore gjennom. For han vart turar tilbake til fjellet ein del av den mentale avmobiliseringa. Han melde seg til teneste både for turistforeininga og for Aalesunds Skiklub som hadde hytte på Standaleidet.

 

[i] Goksøyr og Olstad 2017, s. 206.