6000 møbelbilde er ute på nettet

Endeleg er Lyshol-arkivet med sine 6000 møbelbilde, tilgjengeleg på Digitalt Museum. Det var Veneforeininga for Møbelmuseet som tok initiativ til å sikre fotoarkivet etter fotograf P.P. Lyshol i Sykkylven. Frå 1930-åra og i mange tiår framover tok han reklamefoto for nesten alle møbelprodusentane i Sykkylven og mange frå nabobygdene.

 

Arkivet etter han er viktig dokumentasjon frå  pioneråra i norsk møbelindustri. Så langt det har vore mogleg, har Møbelmuseet prøvd å finne ut av produksjonsår, produsent, formgivar  og andre opplysningar til kvart enkelt bilde. Samlinga inneheld både produkt som vart bestseljarar  og produkt som aldri kom lenger enn til prototyp-stadiet.

 Desse er no digitaliserte og tilgjengelege på Digitalt Museum. Søk på digitaltmuseum.no på nettet og skriv NMFS.F i søkjefeltet. Då har du tilgang til alle bilda i Lyshol-arkivet.