Fisketurar med Storeggen

 
2/3 og 16/3, kl 12:00-12:00
FISKERIMUSEET
Fiskerimuseet inviterer til fisketur i det historiske fiskefartøyet Storeggen av Aalesund. Borgundfjordtorsken har fødd folket som har budd her, og han har ført dei ut til fjerne marknadar over heile verda. Frå midt på 1800 – talet vart Ålesund sentrum for fiskeriet i regionen, etter kvart også i Norge. Det var også på denne tida dei første havgåande fiskebåtane vart bygde og slik vart starten for den etter kvart verdsleiande skipsindustrien i regionen.

Storeggen av Aalesund er ein kopi ei bankskøyte frå 1890 – talet. Kom og bli med på ein fisketur heilt utanom det vanlege. Vi har fiskeutstyr og du tar med fiskelysta.

 

Når:

2.mars kl. 12:00 - 14:00

5.mars kl. 09:00 - 11:00

5.mars kl. 17:00 - 19:00

7.mars kl. 09:00 - 11:00

7.mars kl. 17:00 - 19:00

12.mars kl. 09:00 - 11:00 

12.mars kl. 17:00 - 19:00

14.mars 09:00 - 11:00 

14.mars 17:00 - 19:00

16.mars 12:00 - 14:00

 

Billetter: Vaksne 400 kr/barn 200 kr kjøpes på tikkio.com eller på båten.

Reservasjon: postam@sunnmore.museum.no

NB: Maks 12 passasjerer per tur. Førstemann til mølla.

Oppmøte: Sørsida, Sjøgata ved bensinstasjonen.

Utstyr: Vi har fiskeutstyr. Ta med varme klede og sko.

Turen varer i to timar. Vi har fiskeutstyr og vester. Du har gode klede og evt. niste.