Borgundfjordfisket - Fisken og fiskaren

 
1/3, kl 19:00-22:00
FISKERIMUSEET
Fiskerimuseet inviterer til ein kveld med foredrag, musikk, mat og anledning til å få kjøpe drikke. Rett utanfor Ålesund ligg Borgundfjorden som med sitt fiske har vore sentral både for byen og bygdene i nærleiken. Torsken som vart fiska her har både bygd byen, og ført oss ut i verda. Denne kvelden vil vi utforske historia til havlandet Møre gjennom foredrag og musikk.

Foredragshaldar denne kvelden; journalist og forfattar Per Anders Todal, vil fortelle både om menneske og fisk, i Borgundfjorden og ute langs Eggakanten.

Til å tonesette kvelden har vi invitert folkemusikarane Marius Berglund (trekkspill) og Thea Marie Ytterdal (fele). Begge med lokal tilknytning og mykje kunnskap om folkemusikktradisjonen her i området. Gjennom musikken blir vi tatt med tilbake i tid til fiskarane si fritid, kva slags musikk kan dei ha spela og lytta til? Thea Marie Ytterdal og Marius Berglund er begge tilsett i Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og Stiftinga Sunnmøre Museum.

Klippfiskakademiet stiller med spanande smakebitar basert på den norske tradisjonsmaten.

Billett kjøpes på tikkio.com eller på heimesiden NOK 200 kr inkl. smakebitar frå Klippfiskakademiet.

For å lese meir om Per Anders Todal si bok Havlandet: www.havland.com

 

Mulighet for å kjøpe drikkevarer.