Aktivitetsdag i vinterferien

 
27/2, kl 12:00-15:00
SUNNMØRE MUSEUM
Det er vinterferietid! Og tradisjonen tru vert det også i år aktivitetsdag for store og små på "Buholmen".

 

Bli med på forteljarstund, prøv deg på saging og vedhogst, snekre småbåt eller steik pinnebrød over bål. I smia besøkjer du smeden og på kjøkkenet i Dybhuset steiker vi nydelege fiskekaker til smaking. I tunet testar du kreftene på «spiker i stubbe» og kunnskapen gjennom vår uhøgtidlege «museumsquiz». Nysteikte vaflar selgast i Larsnesbuda.

Open museumskafe med nysteikte sveler, nytrakta kaffi, varm kakao og anna godt for den som vil ta ein liten pust i bakken.

Velkommen til store og små! 

Inngang: Voksen kr 80, barn kr 40, familie kr 170 og senior kr 60.